Sekretær i 100 % stilling frå 1. april 2019

Vest-Telemark PPT har ledig stilling som sekretær i 100 %. Stillinga er fast.

Arbeidsområde

Sekretæren har ein fleksibel støttefunksjon for dagleg leiar og rådgjevarane ved kontoret.
Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Saks- / arkivarbeid
  • Personalarbeid
  • Kommunikasjon med brukarar av tenesta
  • Administrasjon av test-tekniske oppgåver kan bli tillagt stillinga
  • PPT innfører nytt fagsystem våren 2019 og sekretæren får ei nøkkelrolle i dette arbeidet

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning innan administrasjon- og kontorfaget
  • Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring kan kompensera for utdanningskvalifikasjonar
  • Gode datakunnskapar
  • Kjennskap til Visma Flyt PPT kan vera ein fordel

Om deg

  • Du er sjølvstendig og strukturert
  • Du tek ansvar og set deg inn i nye arbeidsoppgåver
  • Du er positiv, engasjert, fleksibel, har godt humør og evne til å inspirere andre
  • Du har gode munnlege og skriftlege kommunikative evner
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Menn blir oppmoda til å søkje

Vi kan tilby

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Engasjerte medarbeidarar
  • Fleksitid
  • Kommunale tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og selskapet sitt reglement

Dersom det vert intern tilsetting, vil PPT ha behov for vikar i stillinga frå om lag 15.04.19 pga. foreldrepermisjon.
Nærare opplysningar ved dagleg leiar Sissel Bronken, tlf. 35 06 83 00
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Dei som blir kalla inn til intervju, må legge fram rettkjente kopiar av vitnemål, attestar og referansar. Den som blir tilsett må legge fram gyldig politiattest.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjorde i høve Off. lova § 25

Send søknad med CV til Vest-Telemark PPT IKS, Postboks 43, 3836 Kviteseid, eller på e-post til sissel.bronken@vest-telemark.no

Søknadsfrist : 26.03.19