«Eg ser lettare kva barna prøver å uttrykke» – Evaluering av reguleringsnettverk pulje 1

Å kunne regulere seg er ein føresetnad for læring, regulering av atferd og gode sosiale samspel. Barn er ikkje født med evne til å regulere seg. Det er mange barn i skule og barnehage i dag som strevar med dette, og då treng dei kompetent vaksenhjelp for å kome inn i toleransevinduet igjen.

Figur: Tidsskrift for norsk psykologforening

I regi av Vest-Telemark PPT er det gjennomført 4 reguleringsnettverk for pulje 1 frå september 2019 til september 2020.

Nokre sitat frå deltakarar:
– «Eg har brukt det eg har lært ofte. Saman med Liv og røre blir dette komplett.»
– «God balanse mellom film, teori og praktiske øvingar».
– «Eg lærte gjennom filmen at eleven kan meir enn han viser. Vi får innsikt i korleis elev kan strekkast. Eleven seier ho har skrivevegring, men skreiv mykje under filmopptaket».
– «Eg ser lettare kva barna eigentleg prøver å uttrykkje – skjønar at det er ikkje alltid det me før har trudd«.

Endring av vidare drift på bakgrunn av info i evaluering
• deltakarar får arbeidsoppgåver mellom 3. og 4. møte (I FSB og skoleutviklingstid)
• deltakarar skal reflekter/snakke om kva de har lært og arbeidde med overføringsverdi (I FSB og skoleutviklingstid)
• PPT vil arbeidde med å få ut meir oppdatert informasjon på nettsida med kursoppsett og kursmateriell.
• det er tydeleg ynskje frå deltakarar å ha meir fokus på implementering, dette vil PPT sjå nærmare på.
• meir fokus på at sjølve leikane/aktivitetane er underordna: leik/aktivitet skal bidra til struktur, engasjement, omsorg og utfordring.