PP-rådgjevar 100% fast stilling

Vest-Telemark PPT IKS er ei interkommunal teneste for kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje og Telemark Fylkeskommune. Kontorstaden er i Kviteseid.

Kontoret har 7 fagstillingar og 1 merkantil stilling.

Vi har ledig stilling som

PP-rådgjevar 100% fast stilling

Tilsetting så snart som råd og innan 01.08.2018.

Arbeidet vil omfatte systemretta og individretta oppgåver i grunnskule og vidaregåande skule. PPT skal delta og støtte skulane med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling forå legge opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Samt syte for utgreiing og utarbeiding av sakkunnige vurderingar, og samarbeide med andre faginstansar.

Kvalifikasjonskrav

Mastergrad i spesialpedagogikk/ped-psyk rådgiving, pedagogikk , psykologi eller tilsvarande utdanning på masternivå eller meir.

Det er ynskjeleg med erfaring frå skule og/eller som PP-rådgjevar. Elles vil relevant utgreiingskompetanse, rettleiingskompetanse på individ- og systemnivå, og god skriftleg framstillingsevne på nynorsk bli vektlagd. Vi ynskjer arbeidstakarar som er ansvarsfulle og pålitelege, som kan arbeide sjølvstendig og strukturert, og har gode kommunikasjons-og samarbeidsevner.

Særskilte krav

Søkaren må vere personleg eigna. Behovet for verksemda vil bli vektlagt. Søkarar må ha førarkort og nytte eigen bil i tenesta.

Informasjon om stillingane

Politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggast fram før tilsettinga. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Vi kan tilby:

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innan utgreiing og rettleiing på system- og individnivå
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
  • Engasjerte medarbeidarar
  • Gode vilkår for fagleg utvikling gjennom intern skolering og kurs
  • Fleksitid
  • Personleg avtale om heimekontor
  • Kommunale vilkår
  • Kjøregodtgjering etter regulativ
  • Løn etter avtale
  • To veker fri med løn ut over ordinær ferie

Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju. Dei som blir kalla inn til intervju, må legge fram rettkjente kopiar av vitnemål, attestar og referansar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til konstituert leiar Merete Tveitereid på telefon 35 06 83 00 eller mobil 45 22 13 65.

Send søknad med CV til Vest-Telemark PPT. Boks 43, 3836 Kviteseid, eller e-post: ppt@vest-telemark.no.

Søknadsfrist 06.02.18.