Spinnville følelser

Sjekk ut linken om spinnville følelser på https://spinnvillefolelser.abup.no/.

«Spinnville følelser er en gratis og fritt tilgjengelig nettressurs om følelser rettet imot barn i alderen 6 til 12 år. Den er utviklet i et prosjekt ledet av fagpersoner ved ABUP og inkluderer sju filmer og undervisningsopplegg basert på filmene, samt et digitalt kurs der barna skal løse oppgaver.

Dette forteller Åshild Tellefsen Håland, forskningsleder og psykologspesialist i ABUP ved Sørlandet sykehus, til hjelptilhjelp. Sammen med Gro Anita Poulsen er hun prosjektleder for Spinnville følelser-prosjektet. Ilag med eksterne fagfolk har de utviklet nettressursen.»

Les meir om korleis det kan brukast på fylgjande link: https://www.hjelptilhjelp.no/Skole-og-barnehage/spinnville-folelser-sju-undervisningsopplegg-om-folelser-for-barn-6-12-ar.

«Eg ser lettare kva barna prøver å uttrykke» – Evaluering av reguleringsnettverk pulje 1

Å kunne regulere seg er ein føresetnad for læring, regulering av atferd og gode sosiale samspel. Barn er ikkje født med evne til å regulere seg. Det er mange barn i skule og barnehage i dag som strevar med dette, og då treng dei kompetent vaksenhjelp for å kome inn i toleransevinduet igjen.

Figur: Tidsskrift for norsk psykologforening

I regi av Vest-Telemark PPT er det gjennomført 4 reguleringsnettverk for pulje 1 frå september 2019 til september 2020.

Nokre sitat frå deltakarar:
– «Eg har brukt det eg har lært ofte. Saman med Liv og røre blir dette komplett.»
– «God balanse mellom film, teori og praktiske øvingar».
– «Eg lærte gjennom filmen at eleven kan meir enn han viser. Vi får innsikt i korleis elev kan strekkast. Eleven seier ho har skrivevegring, men skreiv mykje under filmopptaket».
– «Eg ser lettare kva barna eigentleg prøver å uttrykkje – skjønar at det er ikkje alltid det me før har trudd«.

Endring av vidare drift på bakgrunn av info i evaluering
• deltakarar får arbeidsoppgåver mellom 3. og 4. møte (I FSB og skoleutviklingstid)
• deltakarar skal reflekter/snakke om kva de har lært og arbeidde med overføringsverdi (I FSB og skoleutviklingstid)
• PPT vil arbeidde med å få ut meir oppdatert informasjon på nettsida med kursoppsett og kursmateriell.
• det er tydeleg ynskje frå deltakarar å ha meir fokus på implementering, dette vil PPT sjå nærmare på.
• meir fokus på at sjølve leikane/aktivitetane er underordna: leik/aktivitet skal bidra til struktur, engasjement, omsorg og utfordring.


Nettverk og kurs for vår og haust 2020/2021

Nettverk for opplæring/stimulering av barn og unge med multifunksjonshemming

Spesped-nettverket arrangeres 27.aug 2020, 12.nov 2020, 18. feb 2021 og 6.mai 2021. Tid: Kl. 9.00 – 11.30 | Stad: PPT (så lenge det er 8 deltakarar tilsaman).

Nettverk for opplæring av Fleirspråklege barnehagebarn

28.okt 2020 og 24. mars 2021 på Kviteseid Kommunehus, kommunestyresalen 3. høgda. Klokka 11.30 – 14.20.

Tilmelding til PPT for elevar i vidaregåande skule

Vest-Telemark PPT skal nytte dei same skjema for tilmelding og pedagogisk rapport som dei nyttar i Vestfold/Telemark fylkes PPT
Henvisningsskjema og vedlegg til henvisningsskjema (pedagogisk rapport finn de i lenkene:

Henvisningsskjema:

https://www.vtfk.no/globalassets/vtfk/dokumenter/opplaring-og-folkehelse/ppt-og-oppfolgingstjenesten/henvisning-til-pedagogisk-002.docx

Vedlegg til henvisningsskjema:

https://www.vtfk.no/globalassets/vtfk/dokumenter/opplaring-og-folkehelse/ppt-og-oppfolgingstjenesten/pedagogisk-mal-vete.docx