Om oss

Vest-Telemark PPT IKS er ei pedagogisk psykologisk teneste som blir drive som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord, Tokke  og Vinje. Tenesta har kontorstad i Kviteseidbyen, men yter tenester lokalt i alle eigarkommunane.

Føremål med tenesta

Vest-Telemark PP-teneste er ei rettleiingsteneste som skal bidra med kompetanse i barnehage, skule og lærebedrifter med tanke på å skape gode og stimulerande utviklings- og opplæringsmiljø gjennom tilpassa og inkluderande opplæringstilbod til barn og elevar med særlege behov.

PPT skal óg sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering når lova krev det. PP-tenesta vurderer om det er behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehage eller spesialundervisning i grunnskule og for vaksne med rett til spesialundervisning.

Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering ved:

  • framskunda eller utsett skulestart
  • heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta
  • behov for teiknspråkopplæring
  • behov for punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte

Tavle og kritt

Lover og retningsliner

Den pedagogisk psykologiske (PPT ) er ei kommunal teneste som er heimla i opplæringslova.

Barn leikar med klossar

Våre samarbeidspartnerar

Me samarbeider breidt:

Kontakt med PPT

Ta kontakt med oss her.